Pressemelding – UlsteinLAN #9

Torsdag 1. August klokka 18.00 åpnar/åpna billettsalet for den niande utgåva av UlsteinLAN. Denne gongen som før kostar billetten for heile opphaldet kr 250,- når den vert førehandsbetalt gjennom preseat.no, med eit ekstra gebyr på kr 50,- om billetten vert betalt i døraDatapartyet, som tek sikte på samle datainteressert ungdom frå heile regionen, vert som vanleg halde på Hasund Grendahus i Ulstein Kommune, og satsar også denne gongen på å sette publikumsrekord med 176 tilgjengelege plassar. Plassane vil åpnast rekkevis og dei mest populære plassane, ved bakveggane, vil åpne først. Stamgjestar med «fast plass» bør difor være kjapt ute.

Sjølv om deltakarane hovudsakleg kjem frå Hareid, Herøy, Ulstein og Sande kjem det og ein del frå Ålesundsområdet og frå Ørsta/Volda. Ein del har til og med funne vegen frå Bergen for å treffe vener frå online spel.

Som tidlegare vert det halde konkurransar i spel og kreativitet med fine premiar. Premiane aukar i takt med antall påmeldte deltakarar, og med fullt hus vert det og duka for premierekord.

Kiosken lovar å levere like god heimelaga mat som alltid. Satsinga på god mat laga frå grunnen av har vore veldig vellukka for UlsteinLAN, og tida då nerdemat var synonymt med grandiosa er over.

Alle deltakarar vert og oppmoda til å kjøpe matbillett som gir tilgang til eit sunt middagsmåltid kvar dag. Billetten kostar kr 300,- (kr 75,- pr måltid) og menyen består av spaghetti med kjøtsaus, potetball, steikt potetball og kyllinggryte med ris. Desse rettane er kun tilgjengelege for deltakarar med matbillett og vil bli servert i kioskområdet til faste tider kvar dag.

Dagleg leiar Ronny Kleppe i Burnout Dataparty, den frivillige organisasjonen som arrangerer UlsteinLAN, ynskjer å takke alle sponsorar som har hjelpt til med finansieringa og då særleg Tussa som har bidratt med enormt mykje i form av fibernett og gode hastigheiter. Også Burbon Offshore, som det første av dei lokale rederia, sponsar denne runda av UlsteinLAN. Me vonar at alle med ynskje om å skape eit tilbod for ungdomen i regionen støttar oss i arbeidet me gjer, seier Kleppe, som dreg fram avtalar som «Mobbefritt Ulstein» i samarbeid med Ulstein Kommune og god kommunikasjon med dei forskjellige skulane i området.

Seinare i haust kjem UlsteinLAN sine utsendingar til å reise rundt på ungdoms- og vidaregåande skular i Hareid, Ulstein, Herøy og Sande med plakatar og løpesedlar for å møte nye og gamle deltakarar og høre eventuelle forslag. Men i første omgang er det billettsleppet 1. August klokka 18:00 som er viktigast.

Preseat.no
Ulsteinlan.com